Tommy Urhaug Europameister i open klasse i dag !!

Tommy Urhaug(her frå NM 2002) er i glimrande form i EM i Italia, og gjekk i dag heilt til topps i open klasse. Me gratulerer Tommy med nok ein fantastisk prestasjon.

I kvartfinalen mot Scott Robertson,England vant han 9-11,11-9,11-6,11-7.
I semifinalen mot Taus frå Tyskland blei det også siger. Finalemotstandar var Bruno Benedetti frå Frankrike, ein spelar som tidligare har vore i 5 finalar i open klasse utan å vinna. Det var med andre ord ein heiltent finalemotstandar Tommy stod foran. Det blei eit tett fyrste sett, men så tok Tommy meir og meir over og vant tilslutt 3-0(12-10,11-7,11-6) Dermed tok Tommy sin 2.EM tittel i klasse open og 4. EM tittel totalt.

Tommy har disse plasseringar i sine tidligare EM i klasse Open:

1999:5.plass
2001:1.plass
2003:2.plass
2005:1.plass.

Til veka er det klasse 5, og gjett ein gong om me glerer oss til den! I klasse 5 har Tommy disse EM plasseringane : 1999:1.plass
2001:3.plass
2003:1.plass

I tillegg har Tommy
1.plass i lag i EM i 1999 og
2.plass i 2003.
Nivået i internasjonal handicap klasse har heva seg kraftig dei siste åra, og det er få som veit kor stor denne prestasjonen til Tommy er.

Nok ein gong gratulerer Tommy, og gratulerer nok ein gong til Lyder som var med som lagleiar. Det meldes også frå Italia at det berømte "Lyder hoppet" er tilbake. For dei som ikkje veit kva det er, så er det altså far, trenar, sparringmotstandar i utallilge timar, Lyder som innførte dette i 1999 då Tommy tok sin fyrste NM tittel. Det er Lyder i rein glede som hoppar over barrikaden og inn i hagen rett etter at matchballen er slått inn. Lyder vart som kjent hardt skada etter ei ulykke for eit par år sidan og me var usikre på om hoppet kom igjen. Heldigvis går det betre, så det var godt å høyra at hoppet var tilbake.
Oppdatert : 18.09.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002