Tommy ikkje heilt på topp i helga

Norwegian Open blei ikkje den heilt store suksessen for Tommy i helga. Me i Stord BTK er jo veldig bortskjemte med at Tommy som regel vinner alt han stiller opp på. Dei fleste aner nok ikkje kor stor konkurranse det er i toppen i handicap klassane. Tommy sjølv var brukbar fornøgd med spelet sitt, men mangla det vesle ekstra som skulle føra han heilt til topps. I Open klasse tapte han i kvarten for ein ny franskmann. I klasse 5 tapte han i semifinalen for Cetin frå Tyskland, men vant bronsefinalen mot Durand frå Frankrike. I lagklassen blei det tap i pulja for Tommy og Rune Lorentsen,Sarpsborg
Oppdatert : 13.06.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002