Litt meir frå NM junior

Me har tidligare hatt info frå junior B klassen, her kjem meir info frå dei offisielle klassane der Hallvard og Ola Ingar var med.
Fredag var det lag og Stord møtte Fjell i 1. runde, med Stord som favoritt. Det blei imidlertid eit overraskande tap 3-5 for Fjell. Asbjørn og Hallvard vant mot Karl Erik Rasmussen, Ola Ingar mot Martin Hauge. Ola Ingar hadde i tillegg igjen sikker kamp mot Karl Erik. Hallvard som normalt er vår bestemann skuffa i lag, då han tapte både for Johannes Bratlie og Martin Hauge, og dermed rauk Stord ut i 1.runde.

Lørdag var det først junior-double, der Hallvard og Kjell Erik Bakke, Heros, tapte overbevisande mot Espedalen/Gustavsson, Fokus. Ola Ingar hadde problem med å forstå korleis vekkerklokkesystemet på hotellet virka, og stod over junior-doublen som byrja kl 09.00. I eldre junior spelte Hallvard med Johannes Bratlie, Fjell-kameratene, og Ola spelte med Kim Gustavsson, Fokus. Ola og Kim rauk ut i første runde, medan Hallvard og Johannes slo Toralf Tolo og Martin Hauge 3-0. Deretter vart det tap 3-1 for Ahmad/Nilseng, Fokus, men gutane viste at dei kan bli eit bra doublepar med tida.



På søndag var det singleklassane som føregjekk. Ola hadde litt å henta på storformen denne dagen, og gjekk ikkje vidare i nokon av klassane. Høgdepunktet var 11-3 i første sett mot Magnus Gundersen. 2.sett var ikkje så bra… Hallvard tapte 3-2 mot Kristoffer Hellerud, Kobra og vann 3-2 mot Aleksander Rønning, B-72 i jr. klassen. Han rauk ut i cup-spelet mot Øystein Bakke i ein kamp han aldri kom inn i. I eldre jr. slo Hallvard Pål Francis Aarås frå B-72 og Ahmed Chaer, BMK, etter å ha spela svært varierande. I cup-spelet slo han Jakob Kristiansen frå Eiker ganske kontrollert 3-0(låg under 2-9 i 2.sett) , etter fornuftig og trygt spel. I 8-dels finalen venta den seinare gullmedaljøren Nils Madsen Haugland, B-72. Her tapte Hallvard 3-1 etter å ha vore på høgde i dei første 3. setta. I siste sett var derimot nivåforskjellen tydeleg.
Alt i alt varierande spel frå Hallvard og Ola Ingar.


Oppdatert : 19.04.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002