Bordtennisspelar Pål Horpestad frå Kåsen sentral då Klepp stal poeng på Stord Stadion

Pål Horpestad, (bildet lånt frå Klepp fotball si heimaside)glimrande bordtennisspelar frå Kåsen laga 1-1 målet for Klepp då dei haldt Stord/Moster til 1-1 på Stord Stadion laurdag. Stord/Moster var det førande laget i 1.omgong, men Klepp med Pål Horpestad som stadig trussel mot Stordforsvaret kom sterkt i 2.omgong, og uavgjort var eit OK resultat for begge lag. To tidligare bordtennisspelarar spelte også for Stord/Moster. Torstein Myhre var ei sikker sisteskanse i Stordmålet, medan Sindre Andreassen som kom innpå i 2.omgong viste fine takter og kjempa bra. Skal Stord/Moster overleva treng ein slike som Sindre som kjempar ekstra om ballen.
Oppdatert : 17.04.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002