Allan Bentsen spelar eliteserie for Stord neste sesong !

Allan Bentsen, Danmarks store helt onsdag kveld då Danmark blei Europameister i lag spelar eliteserie for Stord neste sesong. (Bildet er henta frå det Danske forbundet si heimaside, og viser Allan Bentsen like etter at EM gull er sikra) Dette fortalte Thor Gunnar som i går kom heim frå EM. Thor Gunnar kom i prat med Allan Bentsen opningsdagen, og 37 år gamle Allan Bentsen fortalte at han skulle legga opp etter denne sesongen. Thor Gunnar var då frampå og lokka med gjesteopptreden i Stord drakta i eliteserien. Det viste seg nemlig at Allan Bentsen hadde slektningar på Stord, som han aldri hadde besøkt, så det passa fint no når karrieren var på hell. Lite visste vel både Thor Gunnar og Allan at han 3 dagar seinare skulle bli Danmarks store helt. Håpar at du har avtalt kva han får for å spela før finalen i lag Thor Gunnar !!
Me håpar at du som medlem syns det er greit at me brukar nokre titals tusen kroner på eit slikt opplegg. Send gjerne mail til Atle eller Thor Gunnar om du har synspunkt

Oppdatert : 01.04.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002